Hobbyfilosof’s Weblog


Korleis skal det gå med søndagspreiken?
september 10, 2008, 2:40 pm
Filed under: Uncategorized

Kvar søndag er det gudsteneste i kyrkjene rundt om i heile Noreg. Det kan væra bryllaup eller dåp, eller det kan vera ein heilt vanleg gudsteneste der presten les frå bibelen og preikar. Dersom det er ei slik vanlig gudsteneste, er nesten alle eldre folk. Kvifor er det sånn? Eg har tenkt litt over dette og komme fram til litt forskjellige grunnar. Kvifor er det berre som regel berre gamle som går i kyrkja?

Det kan då vell ikkje vera slik at dei som går i kyrkja på søndagar trur meir på Gud enn det alle andre kristne i samfunnet gjer? At gamle truande føler at dei må gå i kyrkja for å tru på Gud? Ein treng då vell ikkje sitte på kyrkjebenken for å føle Guds nærvær? Eller kan det vera at dei som forsatt går i kyrkja på søndagar den dag i dag er lært opp til det då dei var små, og held derfor vanen dei har vakse opp med? Samfunnet er stadig i endring, og det er samfunnsborgarane også. Ein får dårlegare tid i kvardagen og helgene blir fort fylt opp med diverse gjeremål. Er det derfor det nesten berre er pensjonistar som går i kyrkja? Har barnefamiliar rett og slett ikkje tid? Eller spelar ikkje religion så stor rolle for folk frå yngre generasjonar? Held me på å miste den kristne religionen me har og bli humanetikarar alle saman? Og kva vil skje når kyrkjegenerasjonen ikkje lenger lev? Ein kan jo undras…


2 kommentarar so far
Kommenter innlegget

Hei!

Interresant innlegg, god problemstilling. Det at det kanskje ikkje ville komme folk i kyrkja igjen er vel litt på kanten, men det vil muligens bli færre enn det er i dag. Men bra innlegg!

Mvh Oddbjørn

Kommentar av Oddbjørn

Hei Oddbjørn og takk for kommentar. Det er vanskeleg å seie korleis folketalet på søndagspreike-høyrarar vil endre seg, men det er hverfall eit intressant tema 🙂

Kommentar av hobbyfilosof




Kommenter innlegget