Hobbyfilosof’s Weblog


Det islamske og kristne samfunn
september 29, 2008, 7:35 pm
Filed under: Uncategorized

I muslimske land blir kvinner oppfordra til å gå med slør. Dette er for å holde mann og kvinne adskilt i samfunnet. Dette står i koranen. Men det er ikkje berre slør ein brukar for å skille kjønna, dei har separerte jente og gutteskular, kupeer på toga og kvinnene har eigne kontorer i arbeidsliver der dei kan arbeida. All denne adskillinga kjem fra den religiøse regelen om at mann og kvinne skal være adskilt i moskeén. Men er det rett å forme samfunnet etter religiøse reglar? Sjølv om det står i koranen at kvinner bør bruke slør og kjønn skal være avskilte i moskeén, står det ingen ting om jente- og guteskular? Eller at mann og kvinne skal sitte kvar for seg på bussen? Har samfunnet utvikla seg i ei alt for sterk religiøs retning? Ein burde kanskje avgrensa dei religiøse reglane til det som faktisk står i koranen? Skal religiøse reglar stå over landets lover?

Dersom du er ein av mange kristne som stiller deg kritisk til det islamske samfunnet, må du no tenke deg litt om. For nemleg, kva med kristendommen sine reglar her i Noreg? Ein treng ikkje leite lenge før ein ser religiøse reglar som gjeld i det norske samfunnet som ikkje alle er einige i. Kva med at homofile skal få gifte seg? Kva med at naboen ser stygt på deg dersom du kløyver ved på ein søndag? Og ein treng ikkje gå lenger enn 30 år tilbake, før ein finn at gifte hadde andre fordelar enn sambuande par. Er det rett at ein må være gift for å oppnå dei same fordelane? Og no snakkar me ikkje om å inngå borgarleg ekteskap hos fylkesmannen, men i nettopp kyrkja. Då forstår en kanskje litt betre kvifor det muslimske samfunnet har blitt som det har blitt.



Kvifor ber dei fredagsbønn i Islamsk religion?
september 25, 2008, 7:45 am
Filed under: Uncategorized

Muslimar som arbeider må be fredagsbønn i staden for bønna Dhuhr. Dhuhr er ei av dei fem bønene dei ber til vanleg, men på fredag overgår fredagsbønna denne. Det er berre menn som er nødt til gå, alle kvinner kan velje. Dei mennene som ikkje arbeider ber den vanlege bønna Dhuhr. Det gjeld sjølvsagt berre friske menn. Bustaden har også noko å seie for om du skal be fredagsbønn.

Fredagsbønna er litt forksjellig frå dei andre bønnene. Muslimane ber til vanleg bønner heima, på jobben og i Moskéen, men fredagsbønna må alle be i Moskéen. Preika til Imanen på fredagspreika handlar om Gud, om at muslimane skal gjera slik Gud vil men han preiker også om dags relaterte ting i samfunnet. Bønna kan vare i frå ein halv time til ein time. Etterpå pleier ofte prate med folk, lese koranen og ha det sosialt. Dette inngår ikkje i bønna, men er svært vanleg.

Dette kan minne veldig om Norsk søndagspreike i kyrkja. Både Islam og Kristendom har ein dag der folk møtes i Gudshuset og har ei preike med sosialt samvær etterpå. Men i Noreg er det frivillig og ikkje så stort oppmøte som i muslimske land. Det er også vanleg å ta med barna i kyrkja. Det er ikkje lov i Islam.

Eg trur grunnen til at begge religionane har ein slik dag, er for å samle tilhengarane og ha det sosialt og koselig saman. I Noreg går ein av og til i bedehuset og tek seg ein kaffikopp og pratar med andre truande. I muslimske land pratar ein og les koranen saman. På den måten kan ein lage eit godt miljø i tillegg til å være religiøs. Kanskje dette er nødvendig for at religionen skal overleve? At dei truande får treffast og snakkast.



Korleis skal det gå med søndagspreiken?
september 10, 2008, 2:40 pm
Filed under: Uncategorized

Kvar søndag er det gudsteneste i kyrkjene rundt om i heile Noreg. Det kan væra bryllaup eller dåp, eller det kan vera ein heilt vanleg gudsteneste der presten les frå bibelen og preikar. Dersom det er ei slik vanlig gudsteneste, er nesten alle eldre folk. Kvifor er det sånn? Eg har tenkt litt over dette og komme fram til litt forskjellige grunnar. Kvifor er det berre som regel berre gamle som går i kyrkja?

Det kan då vell ikkje vera slik at dei som går i kyrkja på søndagar trur meir på Gud enn det alle andre kristne i samfunnet gjer? At gamle truande føler at dei må gå i kyrkja for å tru på Gud? Ein treng då vell ikkje sitte på kyrkjebenken for å føle Guds nærvær? Eller kan det vera at dei som forsatt går i kyrkja på søndagar den dag i dag er lært opp til det då dei var små, og held derfor vanen dei har vakse opp med? Samfunnet er stadig i endring, og det er samfunnsborgarane også. Ein får dårlegare tid i kvardagen og helgene blir fort fylt opp med diverse gjeremål. Er det derfor det nesten berre er pensjonistar som går i kyrkja? Har barnefamiliar rett og slett ikkje tid? Eller spelar ikkje religion så stor rolle for folk frå yngre generasjonar? Held me på å miste den kristne religionen me har og bli humanetikarar alle saman? Og kva vil skje når kyrkjegenerasjonen ikkje lenger lev? Ein kan jo undras…



Er engler en form for Gud?
september 5, 2008, 3:28 pm
Filed under: Uncategorized

Når eg tenker på englar, ser eg for meg kvite juletrepynt-dottar med vinger. Dei skal beskytte oss og verne oss mot vonde ting som skjer i livet. Mange trur at alle har ein engel som ser ned på seg fra himmelen, og passar ekstra godt på når ting ikkje går som det skal her i livet. Ein ganske fin tanke igrunn. Eg har fleire gonger høyrt andre seie at dei hadde englevakt, då for eksempel då ei mor fann igjen barnet sitt, som hadde forsvunne på eit kjøpesenter. Så englane skal altså passe på og trøste. Men er ikkje det Gud si oppgåve?

Englar er himmelske vesner, det er eg ikkje i tvil om. Dei kjem ikkje frå jorda, lite trulig frå ein annan planet, og dei kjem iallefall ikkje frå Hellvette, om det nå skulle finnast noko slikt, altså må dei vera himmelske vesen. Gud er sjefen som styrer fra Himmelen, og passar på at alt går som det skal her på jorda. Han tilgir, høyrer på bønner og gjer gode ting for menneska. Snodig nok, veldig lik englane. Heilt ærlig har eg ikkje tenkt over dette før, men det slår meg nett no. For at alle skal være trygge og bli passa på, har Gud laga englar som små kopiar av seg sjølv. På den måten får alle ein eigen liten del av Gud, og hans nærvær. Ikkje dumt, med tanke på kor mange menneske det bur på jorda. Så englar er ein form for Gud, men ikkje i nærheiten så sterke og mektige. Eg er iallefall glad for at eg har nokon som passar på meg i ein stressa kvardag, og ein engel i himmelen held sikkert oversikten på det meste! -Tusen takk



Peace Varde
august 28, 2008, 7:33 am
Filed under: Uncategorized

Da var denna fantastiske siå oppe å går! High five!